På festivalkontoret (Poppes plass)

Hos Arendal turistkontor

Via Ticketmaster:
www.ticketmaster.no
Tlf: 815 33 133


hashtag #csarendal

FESTIVALSTART ER RETT RUNDT HJØRNET - LET THE MAGIC BEGIN!

ENDELEG ER VI I GANG – ONSDAG ER DAGEN VI HAR VENTA PÅ EIT HEILT ÅR! Den magiske dag ein av Canal Street 2017 kan by på det meste, frå BarneStreet med Bare Barn Band og morosame aktivitetar, Bjørn Eidsvåg på Merdø, Stein Torleif Bjella på Arendal kirkegård, og nære artistmøte med Decoy, Zenos Mode og Hedvig Mollestad Trio, følgt av night sessions med jamming på Clarion Tyholmen Hotel. Vi klappar oss sjølve på skuldra for denne pangstarten på kanalfestivalen!

Kl. 11 sparkar vi altså i gang årets Canal Street, med barneparade saman med Bare Barn Band gjennom bygatene i Arendal. Det blir masse tull og tøys, musikk og høg stemning – kle deg gjerne ut og kom! Kl. 12 tek Lillegaard Trad Band oss alle med på Street Parade frå Torvet til Poppes plass, der Indre Torungen Brass etter kvart vil servere oss ein særs velkomponert jazzbrønsj – her er det berre å sleppe seg laus og svinge med!

I passe god tid før kl. 16 tek vi ferja ut til Merdø, der Canal Street presenterer ein av våre mest etterspurte og populære artistar: Bjørn Eidsvåg. Canal Street set opp eigne bussar til ferjeleiet på Rævesand – dette finn du meir informasjon om her: http://www.canalstreet.no/no/Canalstreet/ .

Jonas Alaska på Merdø 2016, foto: May Elin Aunli

Vel tilbake i byen har du god tid til å ta ein liten pause og nyte ein deilig kopp kaffi eller eit lite måltid, før du  reiser vidare til det som alltid er et høgdepunkt for mange under Canal Street. I år er det Stein Torleif Bjella som skal skape magi på vår kanskje mest magiske og spektakulære scene: Arendal kirkegård. Vi lover deg ei konsertoppleving du neppe vil gløyme, med denne kritikarroste hallingdølen som publikum i heile Noreg elskar.  

På kvelden ruslar jazzentusiastane bort til Clarion Tyholmen Hotel for å få sitt: Decoy, Zenos Mode og Hedvig Mollestad Trio frå kl 19 og utover. Decoy er ei gruppe med røter i jazzmiljøet i Arendal, som beveger seg gjennom ulike musikalske landskap ved å gjere låter som dei liker til sine eigne, i tillegg til at dei har eigenkomponert materiale. Trondheimsbaserte Zenos Mode miksar jazz, hip hop og filosofi – ein spennande kombo! Hedvig Mollestad, utdanna jazzgitarist ved Norges musikkhøyskole, speler med mange av dei beste jazz- og rockebanda vi har i Noreg, m.a. med Jarle Bernhoft, og vart i 2009 kåra til «Årets unge jazztalent». Denne konserten MÅ du få med deg – du vil ikkje angre! Natteranglarane vil sjølvsagt også ha med seg night sessions med husbandet og jamming,  og DJ’s som speler kul musikk i loungen ved baren – også dette altså på Clarion Tyholmen Hotel.

Lurar du på noko, stikk du berre innom festivalkontoret vårt på Poppes plass ved Strand kafé på Tyholmen. Her vil våre flotte frivillige meir enn gjerne hjelpe deg, mellom kl. 11 og 20 kvar dag under heile festivalen. Elles skal du kunne finne all informasjon du treng her på nettsida vår.

Vi CS! :-)




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: