Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Christine og Stjernetellerne hadde med seg solskinet!

Det er sommar, det er sol – HURRA! - og det er årets siste BarneStreet! Heldige var vi som fekk oppleve Christine Sandtorv med hennes medmusikantar i Stjernetellerbandet i dag! To gongar har Christine vunne Spellemannpris, og det er skikkeleg stas at denne herlege artisten gjestar Canal Street. Både små og store let seg rive med, for her er det refreng som er lette å hugse, med tekstar og melodiar som fenger. Mange vaksne kjenner Christine frå Ephemera , og sanneleg er det er bra for alle barn og småbarnsforeldre i Noreg at ho også satsar på musikk for barn, for dette er topp kvalitet!

Her er det plass til både spøk , leik og moro, men også litt alvor innimellom, og midt i solskinet klarer bandet faktisk også å skape skikkeleg skummel stemning med diverse musikalske effektar og ein slags trådmasker… Rett og slett skummelt, blir det – vi kan formeleg kjenne korleis rottene dei syng om kravlar rundt beina våre!! Christine og bandet er supre til å få med seg ungane,  og nokre er til og med så heldige at dei får vere med på scenen og kore. Stor stas! Det er vanskeleg å sitje i ro, ikkje minst når dei avsluttar med karaoke og disko, og det er mange som tek ein liten solskinsdans i sommarvarmen. Finfin oppleving  – det er herleg når ein berre får lyst til å danse i gatene etter ein konsert! 

Medan telta med aktivitetar og ansiktsmaling etter kvart begynte å bli rydda (alt har dessverre ein ende!) fekk vi også oppleve skikkeleg magi på plassen.  Her var det faklar og eldpiler, sjonglering, vatn og tull og tøys, og det unge publikumet var heilt med.  CanalStreet vil skape magiske augeblikk for alle, og som vi veit er det slik at når ungane har det bra, har også dei vaksne det bra. Med andre ord: ein fin dag i kanalbyen i dag! 

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Tekst: Torunn Charlotte Nyberg
Foto: Bjørg Fossli 




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: