Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Den musikalske framtida er lys- ein optimistisk stemningsrapport frå talentscenen UnderStreet

Ein må berre lene seg tilbake og la seg imponere. Når Nina Ugland med band, Ninv, står på scenen, gløymer ein heilt at dette er ein talentscene – altså at dei som står på scenen er amatørar. Nina står nemleg allereie fram som ein heilstøpt artist, og med eit band som gjer langt meir ut av seg enn å berre backe ein strålande vokalist. For Nina ER strålande – ho har en stemme med plenty av særpreg og stort register. Ho har ein mjuk og varm klang i stemmen, samtidig som ho har full kontroll på stemmen i dei låtane der ho dreg til. Ingen tvil om at ho trivst og slappar av på scenen, ikkje mykje nervar å spore der. Ho har flott utstråling, og formidlar musikken sin på ein svært truverdig måte. Den dramaturgien som ofte unge utøvarar manglar, har ho allereie på plass, og ho er ikkje redd for å by på seg sjølv. Bandet ser også ut til å kose seg, dei er svært dyktige instrumentalistar og kommuniserer godt.

Musikken kan beskrivast som ein blanding av pop, elektronica og indie, og Nina skriv tekstane sjølv. I løpet av dei 4 låtane dei speler får dei vist stor breidde, frå den melankolske og mørke «Brother», via «In My Dreams», som er ei up-tempo, lystig og optimistisk poplåt, til «Fantasy», ei skikkeleg rockelåt med masse energi.

Bandet Note, med vokalist Ingrid Dose, er neste artist ut, og står i stor kontrast til Nina Ugland. Musikken deira er dempa og nedtona, men med stor styrke i nydelege, dynamiske låtar. Thomas Laukvik Nannestad og Markus Lillegaard speler gitar, og det gjer dei på ein heilt fabelaktig måte – dei er utruleg dyktige og imponerer stort med presist og dynamisk spel. Dette kjem ikkje minst fram i avslutninga deira, «Golden Eyes», ei dramatisk låt der både Ingrid sin stemme og Thomas og Markus sine gitarferdigheiter verkeleg kjem fram. Ingrid som vokalist er tilbakehalden, men ikkje introvert, og ho har ein veldig klar og rein stemme, og ei nydeleg formidling. 

Så blir det også ein stor kontrast til neste artist, som er Ruben Pettersen. Ruben er godt kjent for mange som jobbar med ungdomsarrangement på Sørlandet, og som mange av dei andre på Understreet kjenner vi han igjen mellom anna frå UKM. I det siste har han mest jobba med å utvikle seg som rapper, og også han skriv sitt eige materiale. Ruben fyller scenen med energi frå første augeblikk, og i tillegg girar han seg opp i løpet av dei 4 låtane han stiller med.  Han meistrar å gå frå relativt rolege «Lille fugl» til nesten å ta heilt av under siste låt, som handlar om at det ikkje er farleg å feile nokre gongar i livet. I det heile tatt har han sterke og fine tekstar, om samfunnstematikk og politikk. Ruben er definitivt sikker på scenen, han tek heile scenene i bruk med stor autoritet, og det er lett å sjå at han liker å vere der. Vi liker også at han er der, det er umogeleg å ikkje la seg rive med!

Siste band ut er  Azure Quip. Azure kjem fra Risør og består av Thomas Kirkhusmo, Stian Andersen, Erlend Eriksen Skarvang og Gøran Sagvollen. Merk dykk namna – dette er musikarar vi kjem til å høyre meir til i framtida, utan tvil. Dei speler to låtar, men låtane glir over i kvarandre, så det er vanskeleg å skilje den eine frå den andre. Gjennom heile settet dei speler er det stadig skifte i rytme, tempo og toneart. Dette er , som konferansier Jan Thygesen seier, progete jazzrock, med eit særs spennande, avansert og tett lydbilete. Gutane er glitrande instrumentalistar, og gitarist Erlend har dessutan ein svært god vokal, og dei speler med ein heilt sjeldan dynamikk. Publikum blir tatt med på ei musikalsk månefart, dette er rett og slett svært suggerande musikk som berre kan vare og vare.

I skrivande stund stund er det blitt kjent at det var Nina Ugland, eller Ninv, som bandet kallar seg, som vann årets talentscene UnderStreet, og dermed får spele i Pollen laurdag og på hovudscenen under neste års Canal Street. Juryen må ha hatt ein særdeles vanskeleg jobb, men likevel må det vere lov å seie at nok Ninv skilde seg ut. Som juryen har grunngjeve avgjersla si med: dette er eit heilstøpt konsept med flotte låtar og eit supert band. Vi gler oss allereie til å høyre meir frå desse, ikkje minst på vår magiske hovudscene neste juli. Og med det ønskjer Canal Street alle fantastiske deltakarar på UnderStreet lykke til vidare – den musikalske framtida er lys!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :)

Foto: Oda Agnore Skattum

Se flere bilder fra Understreet - Talentscene her!




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: