Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Dirty Mountain - djupe dialogar mellom djupe røyster

Dirty Mountain er ein improviserande trio som består av arendalsbaserte Lars Andreas Haug på tuba, danske Peter Bruun på trommer og Liudas Mockunas frå Litauen på saksofonar. Trass i at dette er ein relativt fersk trio, etablert i 2014, har dei allereie ei betydeleg turneliste bak seg.

Ja – dette er eksperimentelt. Det er utforskande, overraskande, utfordrande  – og sikkert for nokon også provoserande. For dette er musikk som verkeleg pirkar og røskar i alle nervar, grenselaust og grensesprengande ut over alle rammer. Her er det ikkje mange vante rytmar eller harmoniske klangar å lene seg til. Det gir også eit utradisjonelt og spennande  lydbilete at trioen berre bruker såkalla low-pitched instrument, så som tuba, bass-saksofon, bassklarinett og mykje stortromme.I det første minuttet av opningsnummeret blir vi riktig nok forleda til å tru at dette kunne vore eit kva for helst slags korpsnummer, i alle fall reint rytmisk – men så stoppar brått og ugjenkalleleg likskapen, og eg føler meg umiddelbart pinleg naiv.

Resten av konserten har vi absolutt ingen illusjonar om at vi på noko tidspunkt kan skjøne eller vite kva som ventar oss rundt neste sving (eller i neste takt). For her blir du utsett for musikalske overfall og bakhaldsangrep heile tida, og ingen av klangane er som du forventar eller som noko du har høyrt før. Musikarane boltrar seg i eit musikalsk landskap som kan verke totalt kaotisk, kanskje også frustrerande, for svært mange.  Som publikum blir ein tvinga til å godta at her er det ingen etablerte rammer som gjeld, ein må berre sleppe alle førestillingar og konvensjonar, lene seg tilbake og la det stå til. Dersom ein klarer det, er det ikkje vanskeleg å ta inn over seg at dette er aldeles glimrande, strålande dyktige instrumentalistar i eit eksepsjonelt samspel. Her snakkar vi  om djupe dialogar mellom djupe røyster.

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: