På festivalkontoret (Poppes plass)

Hos Arendal turistkontor

Via Ticketmaster:
www.ticketmaster.no
Tlf: 815 33 133


hashtag #csarendal

Gabrielle – Queen of the Scene!

Etter ei heftig oppkøyring mot kveldens headliner, med ei perlerad av dyktige artistar og ei CS-veke med det eine høgdepunktet etter det andre, tenkte eg i mitt stille sinn at no, no kan vel ikkje laget toppast ytterlegare. Yeah, right - den fekk eg tilbake midt i fleisen.

Gabrielle, foto: Espen Wang Johannesen
Foto: Espen Wang Johannesen

Det er folk overalt. Heile Pollen, inkludert Tyhomen, Kanalplassen  og Langbrygga, kokar av folk. Alle aldrar er godt representerte, men dei aller fleste som har fått plass framom scenen til Gabrielle må kunne karakteriserast som den unge garde. Og for første gong i kveld er det rett og slett tendensar til litt hysteriske tilstander framom scenen, som er eit kapittel for seg: Gabrielle stiller med ein scenerigg av dimensjonar og festivalens største og mest avanserte lysshow. Dette forsterkar det visuelle inntrykket av Gabrielle som er over heile scenen som ein virvelvind i løpet av sekund.  Det vi ser er rett og slett ein forrykande sceneartist – FOR ein energi, FOR eit tempo, FOR eit show! Bandet må sjølvsagt også nemnast, dei dreg med jamne mellomrom til med heftige soloar og gjer sanneleg sitt.  I tillegg er Gabrielle kva eg vil kalle sympatisk; ho framstår med stor respekt for og varmt hjarte for sitt publikum: «Eg ser dåkker, og eg e drittakknemlig for at alle er her». 

Gabrielle, foto: Mona Hauglid
Foto: Mona Hauglid

Gabrielle har hatt mange hits sidan ho slo gjennom med «Ring meg» i 2011, som  vi i kveld berre fekk servert som del av ein medley. Men publikum kjenner jo også alle dei andre låtene - ja, alle låtene, faktisk! - og syng med på alt. Min sidemann i alderen 40+ kommenterer: «Hva er det egentlig som er så spesielt med Gabrielle – Hva er det som skiller ho fra de ti andre syngedamene frå Bergen som har kommet og forsvunnet de siste ti åra?» Vel, for det første, med respekt for faget; Gabrielle er nok ikkje kva eg vil kalle ei syngedame, akkurat. For denne dama kan faget – dette er gjennomført proft, og, som nemnt, ho har eit sceneshow som det ikkje går så mange av på dusinet. Den andre faktoren som ramlar inn i hovudet på meg er breidda i publikum – det er nok ikkje så mange artistar som kan samle så mange barn, ungdom og unge vaksne i så mykje allsong gjennom så å seie ein heile konsert. Og så, den tredje faktoren, som kanskje er eit litt aha dersom du set deg ned og lyttar: tekstane. Min påstand er at det er eit av Gabrielle sine sterke kort at ho både ønskjer og klarer å formidle det ho vil seie på NORSK. Joda, for all del, her er tekstar som tilsynelatande ikkje seier å mykje eller vi vil kalle stor poesi, men fy søren, her er det ikkje berre tomme ord og la-la-la. Særleg ikkje for den som står midt oppi det med «Ti kniver i hjertet, jeg sverger, Han gav meg i kniver i hjertet, jeg sverger, Åh eg vil hjem, Prøver å, grine, driter i det, D'e siste gangen at det ska skje At eg hooker up med en fyr med større ord enn meg, For de sier at det e sånn du skjønner at du lever, det e sånn du skjønner du vil dø, dø» og alt det der. Jepp, det er jo akkurat sånn det kjennest ut.

Gabrielle, foto: Niklas Mørkland
Foto: Niklas Mørkland

Takk for showet og gode ord, Gabrielle; «Eg ser dåkker, og eg e drittakknemlig for at alle er her». Du er kul!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Se bildene fra Gabrielles konsert på Canal Street sin flickrkonto!




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: