Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Gjerne ein dose ekstra av MK’s Marvellous Medicine, takk!

For underteikna var MK’s Marvellous Medicine eit nytt bekjentskap. Og dette er sanneleg eit bekjentskap eg har tenkt å pleie framover – lord almighty, dette var vanvittig bra!! Trioen klemmer til frå første låt, med eit voldsomt energinivå og rein og pur speleglede frå første sekund. Dei driv ikkje med mykje smalltalk frå scenen, men kommunikasjonen med publikum funkar så udiskutabelt bra. Det er sjeldan å oppleve så unge musikarar så sikre og utadvendte, dei er berre rett og slett dronning og kongar på scenen.

Vi let oss imponere av låtmaterialet, som det først og fremst er vokalist og gitarist Marie Kristin Dale som står bak. Her aner vi inspirasjon frå til dømes Hendrix, Winehouse og Beatles, både i tekstar og melodiar. Frontfiguren i denne trioen er definitivt Dale, som verkeleg kan spele fletta av dei fleste.  Ho er ein eksepsjonelt god gitarist, med ein kombinasjon av råskap og følsomheit som er heilt spesiell. Dette er eminent, rett og slett i elitedivisjonen.  Stemmen hennes har ein sjeldan styrke i seg, og kan kanskje minne litt om Janis Joplin, skarp nok til å kutte gjennom glas, men med ein litt raspete edge. Denne dama er SÅ sjef på scenen, samtidig som ho stadig vekk gir rom for dei ho har med seg. Bassist Stian Brungot speler så bassen kjennes som ein ekstra puls i heile kroppen, og trommis Felix N. Rudi avsluttar med ein trommesolo som går rett inn i ryggmargen på underteikna. Dei fortener definitivt ein plass i sola, både Rudi og Brungot også, og trioen leverer eit fabelaktig samspel.

Energien, steamen, humøret, formidlingsgleda frå dette bandet, rausheita dei viser kvarandre og korleis dei sjarmerer publikum fullstendig - det er ganske så overveldande.  Dei er så tette, men samtidig så opne og utadvendte, og musikken er berre så tvers gjennom groovy – dette er blues, funk, soul og rock, alt på ein gong! Underteikna følte faktisk at dette var ein riktig så god medisin – og eg tek meir enn gjerne ein dose til!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: