Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

”Hello, Plankemyra!”

”Ah, ” tenkte eg, ”good old days are back”! Kjensla festa seg frå den aller første trompettonen denne glovarme ettermiddagen på Plankemyra eldresenter. Lillegaard Trad Band er bandet som har spelt flest gongar på Canal Street, og i dag tok dei turen til Plankemyra. Der hadde om lag 50 tilhøyrarar tatt plass, dei fleste av dei bebuarar, men også ein del familie og til og med nokre blodfans som gjerne følgjer Lillegaard ”rondt forbi”. Publikum var tydeleg forventingsfulle, og det var underteikna og – vel vitande om at det er meir enn krevjande å vere på topp heile dagen i slik varme. Og Lillegaard ikkje berre takla varmen - dei avgav faktisk til og med ein solid dose ekstra varme, noko tilhøyrarane, på si side, ikkje hadde det minste problem med å takle.

Lillegaard Trad stilte med ei besetning på seks; Sven Lillegaard på klarinett, Odd Bollestad på banjo og ”humming”, Ole Johan Lillegaard på bass, Dag Jonssen på trombone/vokal, Marek Derdowski på slagverk og Tor Flaa på trompet/vokal. Sven Lillegaard gjorde riktig nok også eit forsøk på å nærme seg vokalmikrofonen, men vart vist tilbake til klarinetten (”E’ får’kje lov til noenting lenger, e’ blitt for gammel!”). Så vart det Tor Flaa som fekk vokalen også på  ”When you’re smiling”, som var utgangspunktet for den humoristiske disputten.  

Det er helse i kvar einaste tone, og særleg då bandet stemte opp med ”Merdøs pris” vakte det synleg begeistring, då slik ein kjent og kjær song formeleg inviterer til å synge med. Men også fleire av dei tradisjonelle New Orleans-songane er jo kjende for dei fleste, og publikum nynna meir enn gjerne med når dei kunne. Perlene kom som erter ut av posen, alt frå ”When You’re smiling” til ”Louisiana” og ”When the Saints go marching in”, ispedd nokre låter med nordiske tekstar i starten av konserten. Med så mange gode instrumentalistar er det berre nøydd til å bli bra, og skribenten må få lov til å spesielt nemne Tor Flaa si litt rustne røyst som rett og slett er perfekt til denne musikken. Mannen smiler seg gjennom glade songar og får tårene fram i augekroken under ”Sometimes I feel like a motherless Child”. I det heile tatt; bandet si formidlingsevne er formidabel, dette er verkeleg dyktige musikarar. Dagens versjon av ”Hello, Dolly” begeistra nok særleg, med følgjande tekst lunt framført av Dag Jonssen:  

Hello, Plankemyra,.....well, hello, Plankemyra
It's so nice to be where we will soon belong
You're lookin' swell, Plankemyra.....I can tell, Plankemyra
You're still glowin'...you're still crowin'...you're still goin' strong
I feel the room swayin'...while Lillegaards Trad Band keeps on playin'
One of your old favourite songs from way back when
So...golly, gee, fellas....find her an empty knee, fellas. 

Plankmyra, we'll never go away....I said we will never go away
Lillegaards will never go away again 

For underteikna, tidlegare korpsmusikant og med eit bankande hjarte for særleg brassmusikk, var nok “Basin’ Street Blues” høgdepunktet under konserten. Dette må vere ein av dei nydelegaste versjonane eg har høyrt av denne klassikaren. Lillegaard Trad Band fekk her til fulle vist kor godt dei meistrer dynamikken i musikken, og viste dessutan korleis det blir når ein speler frå hjarta til hjarta – denne svisken var dedisert til ein av tilhøyrarane, og vart formidla på ein heilt spesielt inderleg måte. Er det mogeleg å få gåsehud i 28 varme grader? Oh, yes!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder fra Plankemyra her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: