Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Ljos, ljos og meir ljos!

Kva for rolle speler det om regnet høljar ned, denne konsertkvelden på Arendal kirkegård? Så lenge ljoset varmar heilt frå scenen til bakerste rad, og regnet som med jamne mellomrom auser ned over oss er varmt sommarregn? Det kunne ikkje brydd oss mindre om det regnar eller ei, vi som har funne vegen til Arendal kirkegård denne kvelden, for å høyre Ingebjørg Bratland med band. Vi er alle førebudde på opne sluser, så kor du enn snur deg er det regnkapper og sydvestar å sjå – og eit strålande fornøgd publikum. Kl 2210 høljar det som mest og verst, akkurat når Ingebjørg - med latter i stemmen - syng «Ljos, ljos og meire ljos»!

Ingebjørg Bratland går rett på med «Eg skal døyve di sorg med min song»- kanskje ein av dei aller finaste visene ho har. Med denne set ho ikkje berre stemninga, men ho tek også både scenen og rommet – eller plassen,  rettare sagt. Ho er ein særs sikker vokalist, og stemninga blir deretter – roleg, trygg. Kvelden er varm, men likevel får eg gåsehud og frysingar frå aller første låt, og eg veit allereie då at dette kjem til å bli heilt perfekt. Ho held fram utan introduksjon fram til 4. låt. Mange av låtene er melankolske, men ingen må av den grunn trekkje slutninga at Ingebjørg sjølv er av den melankolske, mørke og dystre typen. Det er mykje humor som pregar dei relativt kortfatta småpratane ho har med publikum innimellom. Ho fortel mellom anna at hennes fulle namn, Ingebjørg Harman Bratland, ikkje alltid har vore like enkelt for alle journalistar og ikkje minst programleiarar å få med seg. Ingebjørg har derfor opplevd alt frå  blir introdusert som Lillebjørg Herman Bratland og Ingebjørg Harlem Brundtland, til kort og godt «sjølvaste rosinen i pølsa».


Som nemnt, dette er ein særprega vokalist. Ho har stort spenn i stemmen,  og særmerket hennes er «krullinga» - eller fraseringa, som andre vil kalle det. Det er ingen tvil om kor ho har sine musikalske røter – dei er godt planta i folkemusikken, og dette er med på å gjere ho til ein spennande og annleis vokalist. I alle låtene tilfører krullinga hennes låtene det lille ekstra som gjer dette til hennes musikk, og som gjer at du alltid vil kunne kjenne igjen stemmen.  Arrangementa , dei musikalske rammene, er ikkje folkemusikkprega, ikkje ein gong når dei speler ein tradisjonell bånsull. Bandet består av Haldor Røine (gitar), Chris Holm (bass), Gard Nilsen (slagverk) og Andreas Ulvo (tangentar), og vi får oppleve meir enn ein glitrande gitarsolo. Ganske mange låter er coverlåter, som mellom andre «Nåde» («Grace» av Jeff Buckley) , «Du og eg alltid for evig» og, ikkje minst, Dylan-coveret «Fordi eg elskar deg», som vel allereie er i ferd med å bli ein klassikar.  Ingebjørg Bratland er ein glimrande omsetjar av andre sine tekstar.

Dei fleste låtene er frå cd-en «Månesinn», der Ingebjørg Bratland for alvor stod fram som låtskrivar. Her finn du mellom anna «Markus», «Oslonatta», «Stjernene», «Eim av parfyme» og – ikkje minst – «Stål». Dei to sistnemnte er kanskje blant dei aller sterkaste låtene ho har skrive, då dei verkeleg let stemmen hennes kome til sin rett, i tillegg til at dei har tekstar som kan ruske litt i nokon og ein kvar:


«Alt som varmar
Alt som riv
Alt som brenner i mitt liv
Det kan du aldri ta fra meg
Hjarta som eg gav deg va' te låns
Og berre så du veit det
Det va' av stål»

For oss som hugsar Ingebjørg Bratland sin debut på riksdekkande kringkasting, er det moro å sjå denne vaksne, modne og stødige artisten på scenen. For dei som ikkje fekk det med seg, er Ingebjørg den vesle jenta som song «Den fyrste song» for Kong Harald på hans 70-årsdag, under avduking av ein statue av hans mor. Kongen gret og publikum gret, og underteikna var sikkert ikkje den einaste av fjernsynssjåarane som også gret og let seg rive med av denne klokkeklare, inderlege stemmen. Ein av dei aller finaste stundene denne kvelden på Arendal kirkegård er nok «På avstand», som ho også framfører på den same vare, men sterke og inderlege måten.  Dette er ein song som kjem til å stå seg over tid, ikkje minst på grunn av sin evig aktuelle tekst. Ingebjørg understreker sjølv bodskapen i denne songen: På avstand er vi likemenn, og dersom vi ser jorda på avstand, er ho berre grøn og blå, og ingen grenser er merkt, og dersom vi ser ting litt i perspektiv, på avstand, blir det vanskelegare å få auge på kva vi eigentleg er ueinige om:

«På avstand er jorda blå og grøn
Med snø som ei dundyne
På avstand, der møter himmel hav
Og fuglane kvitrar vagt
På avstand er me likemenn
Og ingen grenser merkt
Ikkje våpen, ei sult, ei heller krig
 Og ingen barn som lir
På avstand er verda stille så
Ein kan høre at det nynnast på
Ein sang om håp
Ein sang om fred
Ein sang for deg og meg
På avstand er du vennen min
Enn om me er i strid
På avstand er det uleseleg ka me egentleg stria om
På avstand er verda stille så
Ein kan høre at det nynnast på
Ein sang om håp
Ein sang om fred
Ein sang for deg og meg
Og det er bøn om bøn
Og det er håp om håp
Og det er ropet me ventar på
Ser du himmelen? Ser du stjernene?
Dei er klarare på avstand
Kjenner du angane? Høyrer du fuglane?
Dei er vakrare på avstand
På avstand.

På avstand. »
(Julie Gold, Ingebjørg Bratland)
Solhelsing frå Torunn Charlotte 

Se flere bilder her

Foto: Danny Santana og May Elin Aunli

 




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: