Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Messing med mange stemmer

Eg sit i den blå salen i Clarion Hotel Tyholmen og lurer på om dette er unikt? Denne kombinasjonen av tuba og vokal, og ingen andre instrument? Det er i alle fall ei unik oppleving. Det blir så nært, på ein måte – med ein gong. Blå tonar smyg seg både langt golvet og gjennom lufta, og det er eit lyttande publikum som tek imot stemninga.

Duoen Messing with Voice er godt kjende i det lokale musikkmiljøet. Camilla Susanne Haug og Lars Andreas Haug er busette i Kolbjørnsvik, og har vore med på både Canal Street og diverse jazzscener gjennom fleire år. Camilla er opphavleg klassisk utdanna, noko som avslører seg ved at ho har ein suveren teknikk og elastisitet i stemmen. I tillegg er ho ein svært allsidig og modig vokalist. Det er modig å synge berre akkompagnert av eitt instrument, for det gjer at stemmen blir avkledd. Og dét toler denne stemmen svært godt. Her er ikkje ein urein - ikkje ein gong ein anstrengt - tone. Ho imponerer heile tida, ikkje minst på «To smell the Sweetness of Love», kor det vekslar mellom toneartar fleire gongar gjennom heile songen.

Lars Andreas som tubaist må vere eit fenomen. Han beviser at alt som kan gjerast på eit piano, også kan gjerast på ein tuba. Og då er det viktig å vere klar over at pianoet altså har 88 tangentar, medan ein tuba har 3 ventilar.  Det er ikkje til å tru kva denne musikaren kan få ut av instrumentet sitt, med ufatteleg presis ansats, rytmikk, ulike klangar og stemningsleie. For eit tempo, for ein fleksibilitet! Dessutan; visste du at det går an å synge gjennom ein tuba – samtidig med at ein spelar?? Det gjer det altså.

Duoen framfører både eigenproduserte låtar og cover. Camilla står for ein del av tekstane, og i tillegg må det nemnast at ho har laga ei aldeles nydeleg omsetjing av Moddy sin «House by the Sea», «Et hus ved en fjord».  Ein del av songane har refreng som festar seg med ein gong, slik som til dømes «Tusentrinnstrappa». Camilla deler tankar og historier bak songane med publikum, og det set publikum pris på. Det handlar om å sleppe publikum innpå seg, eller, som formulert gjennom tittelen i ekstranummeret: «So I will share this Room with You». Og det følte vi at skjedde under denne konserten. Tusen takk!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: