«Festivalen som skaper magiske opplevelser på de mest unike steder!» Så kan ein kanskje ikkje seie at Arendal kulturhus er den mest unike, uventa eller originale plassen for å oppleve musikalsk magi – det er jo trass alt eit konserthus. Men for eit kulturhus, og for ein arena for denne festivalen! Det er fantastisk å oppleve korleis dette huset rett og slett lukkar armane sine rundt oss og omsluttar oss med lys, lyd, musikk, magi. Og for den som frekventerer desse lokala også i andre, meir formelle samanhengar, er det fascinerande å sjå kor godt det fungerer til nettopp ein slik seanse som night session.

Men nok om huset, rammene. Mi gode veninne Hanne møter meg då eg tumlar ut på plassen framføre kulturhuset litt føre klokka to: «Korleis i all verda skal du skrive om dette, då??» Nei, du kan så seie, du Hanne.

Det enklaste er vel rett og slett berre å slå fast at som kjent har Canal Street tatt mål av seg å vere festivalen som skapar magiske augeblikk, og det er akkurat det som skjer – heile tida! Jam session startar med Cæcilie Norby og hennes «Mixed Choir», etablert under vokalworkshopen. Blikk stille i salen. Eit vell av tonar og avanserte klangar som stig og synk, dei som er på scenen er først superkonsentrerte, skjerpa, men så skjer det som skal skje – det flyt. Og det er berre å lukke auga, antan du er på scenen eller i salen. Men alle sansar blir trigga; ein dansar trer ut av gruppa på scenen, og «If you go away» blir så uttrykksfullt formidla at eg kjenner klumpen i halsen.

Så følgjer Camilla Susann og Lars Andreas Haug, Anne Marie Giørtz og Eivind Aarseth, blå tonar frå blå scene blir varmt tatt imot av eit takknemleg publikum. Etterpå bryt Matthew Fox med fleire den blå stemninga, og nokre følgjer oppmodinga om å kome seg på dansegolvet. Då husbandet, Bugge og Målvær går på scenen er stemninga allereie meir enn høg. Eller, for å bruke programleiar Dag Tysnes sine ord; «dei tyter ut på scenen», riggar seg til og så berre eksploderer det etterkvart. Lyd og lys er så delikat, musikarane er dei beste, publikum elskar det. Korleis eg skal skrive om dette, Hanne? Denne kvelden? Eg gir meg over – og gir opp!

Solhelsing frå Torunn Charlotte 🙂

Foto: Espen Wang Johansen