Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Onkel Tuka tok a’!

Frå Østfold og Halden til Sørlandet og Arendal – og det verkar definitivt som Onkel Tuka treff sitt publikum her i kanalbyen! Dei gjestar i år Canal Street for andre gang, og har spelt både på familiekonserten tidlegare på dagen og altså på Clarion Tyholmen hotell på kvelden.

Albumtrilogien Gud, Død & Kjærlighet har fått gode kritikkar, og det verkar absolutt som bandet har arendalspublikumet i si hule hand. Musikken er dynamisk og entusiastisk, full av driv, med alt frå bluegrass til folkinspirerte balladar. Onkel Tuka har gitt ut 6 cd’ar, og i 2011 gav albumet Hvit Honning dei Spellemannprisen i country-klassen. Bandet har ei kristen forankring, men dei går ikkje av vegen for ein skål eller fleire frå scenen. Instrumenteringa er fiolin, trommer, gitar, bass, dobro, banjo og vokal pluss egg – dette fungerer aldeles utmerket, også på den relativt lille scenen på Clarion Hotel Tyholmen, og det er alltid moro å sjå når eit band tydeleg koser seg og har det gøy saman på scenen. Songane handlar om alt frå Jesus til damer, til korleis det er å sjå verden gjennom brillene til ein ulv, som vokalist Håkon Ohlgren sjølv formulerer det.

Stemninga i salen er høg, og gutane har det, utan tvil, moro på scenen.  Det er mykje småprat med publikum, og det er tydeleg at bandet har si tilhengarskare i salen. Og det er ikkje rart, for som publikum får ein ei god kjensle av å bli inkludert, på ein måte, av dette bandet. Takk, Onkel Tuka - dette svingte det av!  

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: