Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Sommar, sol og Sunde i storform på Buøya

Turen inn til konsertplassen på Buøya er rein magi i seg sjølv. Folk ruslar sakte langs grusvegen, nokre finn seg ei vik og tek seg ein dukkert på vegen, og sørlandsnaturen får vist seg frå si aller mest strålande side. Dette er den konserten under Canal Street kor gjennomsnittsalderen er lågast, det er den store familiedagen, og dette er dagen kor mange besteforeldre nyttar høvet til å gi den oppveksande slekt litt kulturell ballast. Spelestaden er rett og slett rein og skjær idyll: når du kjem fram opnar det seg ei vik med strand og svaberg, og grasslettene er naturleg amfi. Det ser ut til at dei som har rigga til kiosk vil få ein innbringande dag, og med store smil serverer dei vaflar, is, kaffi, brus og pølser. Eg lukkar auga, og tek inn lydane frå omgjevnadene: vaksne som pratar, ungar som leikar og ler, plasking, måker og sjø. Jo, dette er rett og slett idyll!

Bare Barn Band, introdusert som det beste Bare Barn-bandet i verden, opnar showet. Ein må berre gi seg over til elleville, sprudlande og evigentusiastiske Dag Tysnes , saman med dei herlege folka Rasmus Solem, Ole Kelly Kvamme og Leif Magnus Lilleaas. Knallgode musikarar, og med eit repertoar som dei yngste meir enn gjerne syng med på. Når då barnebarnet til Kaptein Sortebill, Mathilda, dukkar opp, slår kjendisfaktoren til, og ungane blir heilt fjetra der framom scenekanten.  Likevel er dei ikkje vanskelege å be då Tysnes oppmodar til eit aldri så lite mytteri, og til skrik & skrål og hiv & hoi blir Mathilda lempa på sjøen. (Noko ho sikkert ikkje har det minste imot, antrekket  tatt  i betraktning…). Smilande folk i grøne skjorter går rundt og byd ungane på smågodt og inviterer til ulike aktivitetar, og eit par knusegode karar i uniform har ein hale av beundrande småpjokkar rundt seg, som får kikke på både vinklar, knappar, radioar, øyreproppar, handjern og anna spennande stæsj. 

Etter ein god mat- og badepause kjem endeleg hovudpersonen på scenen. Han bruker ikkje lang tid på å bli varm i trøya, bokstaveleg talt, og folk er heilt med på «Sitter her og har det på G» - ikkje vanskeleg å stemme i på det! Bandet hans, Meget i sløyd, består av  Knut Hem (dobro), Terje Kinn (banjo), Knerten Kamfjord (bass) og  Øystein Fosshagen (fiolin). Bandet har ein herleg bluegrassound, og speler  for eit entusiastisk publikum. Sunde let bandet ta seg eit par pausar i løpet av konserten, men held sjølv på i halvannan time utan stopp, og må stadig fram med handkledet og tørke sveitten både av både gitarhalsen og sin eigen. Dersom ein har eit litt meir perifert forhold til Sunde frå før, tenkjer ein kanskje at han gjerne kunne spelt litt fleire av dei aller mest kjente låtane sine. Men samtidig er det så spennande å møte ein artist som har slikt eit utømeleg lager av songar – det hadde vore moro å vite kor mange meter tekst denne mannen har stått for! Sunde er ein sann ordkunstnar, og det som slår meg er at  spekteret  er breitt, og det ligg mykje meir bak tekstane enn ein oppfattar dersom ein berre høyrer etter med eit halvt øyre.  I mange av sine tilsynelatande tulletekstar  tek han også opp ein del djupe tema, som til dømes i «Folk til slikt» og, ikkje minst, «Aftenbønn», som han har som ekstranummer.  Og vi kjenner oss jo så godt igjen i tekstane, som i «Vafler og kaffe», «Skogsmatros» og «Nå er begeret nådd». Eller kanskje det heller er naboen,  sjefen eller svigers  vi kjenner att aller best – det er jo gjerne slik.

Siste ekstranummer er «Kjekt å ha» - den har vi venta på, og publikum har det ikkje travelt med å kome seg av garde. Og eg tenkjer at, ja, sanneleg, dette var ein utruleg kjekk dag å ha – eg trur eg skal spare godt på denne opplevinga i sommarminneboka mi!

Solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: May Elin Aunli




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: