Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Street Parade - Down the Canal Street!

Dei gode vêrgudane er på plass og let verkeleg sola grille oss som er samla I Arendalsgatene for å vere med på starten på Canal Street 2014! Med gladtrombonist Dag Jonssen i spissen for ein heil haug med musikantar, løftar musikken den skyfrie himmelen endå høgare. Paraden startar på Torget. Eit par turistar stoppar underteikna og spør kor paraden er, og eg svarer som sant er at tja, vi står i grunnen midt i den – men ikkje rart spørsmålet kjem, så mange menneske som har møtt opp for å få med seg dette!

Dirigent Jonssen gir klare instruksar: «Nå skal vi snart begynne å bevege oss, så jeg snur meg derfor saaaaaakte mot venstre. Politiet har sagt at små bevegelser er bra!». Dette er ein instruks som passar oss godt: små bevegelsar. Vi ser ikkje dei heilt store stega og hoftesvingingane i gatene, men dei fleste gyngar, svaiar, trampar eller nikkar i det minste i takt med musikken. And everybody’s smiling! 

«Now we’ll walk through the streets of Arendal», deklamerer Jonssen, og eg tenkjer at «Ja, no spelar vi inn byen – preppar den til dagane som kjem». Og gjennom byen trippar, svingar og smådansar vi – Canal Street lovar magiske augneblink, og dei første har vi allereie fått!  

Om ikkje lenge skal Dag Jonssen og resten av Lillegaard Trad Band vere klare for nytt oppdrag – kl 1430 er det bebuararar og andre på Plankemyra eldresenter som skal  få oppleve dei fantastiske dyktige gladmusikantane. 

Ha ein strålande dag vidare – og hugs: små bevegelsar er bra!  

Solhelsing frå Torunn Charlotte

Se bilder fra StreetParade her

Foto: May Elin Aunli




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: