Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Ti! - Ni! - Åtte! - Sju! - Seks! - ….

Vi tel ned, og det gjer visst publikum også, for no ryk billettane unna! FOR ein festival vi har i vente, folkens, vi nemner i fleng: Susanne Sundfør, CC Cowboys, Lars Winnerbäck, Ingebjørg Bratland, Ida Jenshus, Jonas Alaska, Astrid S, Elephant9 med Terje Rypdal, Live Foyn Friis, Ruby Red, JAA9 & OnklP, BarneStreet, talentscene, familiekonsert på Buøya, trommebattle, jazzbrunsj, night sessions and you name it!! Vi er SÅ klare for å opne dørene, portane og hjarta og berre kome i gang - eit heilt batteri av frivillige står klare for å gi deg verdens beste Canal Street, som i år feirar 20 år! Men kva er det som gjer at både frivillige og publikum står i kø for å vere med? Kva er det som gjer Canal Street til ein av dei finaste og beste musikkfestivalane i Noreg?

For oss som elskar Canal Street er det vanskeleg å trekkje fram ein ting for å beskrive det som er spesielt for Canal Street – det er jo sjølvsagt heile pakka som er så utruleg bra! Men heilt klart er det at spesielle og unike konsertarenaer er viktige for å skape den magien som faktisk oppstår. Canal Street sine konsertar er lagt til scener og arenaer som gjer at særpreg og oppleving går hand i hand med musikalske møte. Slik at folk får oppleve noko heilt spesielt. Her ligg noko av historia vår, og noko av det vi har satsa på for å skape stemninga som gir dei magiska minna.

Du kan nemleg aldri gløyme den konserten ute på Lille Torungen fyr, med havet som scenebakgrunn, i steikande sol, der du sat på berga og nippa til ein cola, omgitt av glade menneske i alle aldrar, medan musikken plutseleg berre tok deg med seg, mykje lenger enn måkane over hovudet ditt kunne flyge og nokon båt nokon sinne kan føre deg. Eller Arendal kirkegård, når mørket senkar seg i løpet av konserten, latter og tårer, glede og melankoli, om kvarandre, alle desse kjenslene som overrumplar og fyller deg, og artistar som nærmast blir i stand til å gå ut over sine eigne dimensjonar, musikken som strekker seg høgare enn himmelen… Eller Sam Eydes plass, når det myldrar, når det koker, og dampen står frå scenen, når lyd, lys og fargestråler berre fossar over deg og omsluttar deg, når sommarnatta er brennheit og du tenkjer og føler at musikken er over alt, og at den aldri kan ta slutt. Dette er konsertane du aldri gløymer! Dette veit vi, og det er det vi vil gi deg.

20-åringen Canal Street har sine røter i jazz og blues. Vi er framleis tru mot våre røter og vår historie, men dei første åra med CS lærte oss at vi måtte satse breiare. Vi vil bety noko for fleire, vi vil fylle byen, og fylle hjarta til alle som bur og besøkjer byen, denne hektiske veka midt i vår herlegaste sommarmånad. Derfor tilbyr vi eit program som gir magiske opplevingar til både barn, ungdom og vaksne, og som kan treffe dei fleste, uavhengig av musikksmak. Derfor kan du oppleve alt;  frå BarneStreet, talentscenen og streetjazz, via Ingebjørg Bratland, Gilbert O’Sullivan, Susanne Sundfør og CC Cowboys, til Live Foyn Friis og Elephant9 med Terje Rypdal, på Canal Street.

I denne byen, som før var kjenneteikna av sine kanalar, ønskjer vi å knyte menneske saman og gi dei dei aller beste minna, ved å bruke musikken som kanal. For vi veit at musikken går rett inn i blodet, hjarta og sjela! Og kva er viktigare, no i denne tida … Og då er vi faktisk tilbake til røtene, til jazzen og bluesen: den rytmiske jazzen som oppstod i slavetida, i møtet mellom afrikanske og europeiske musikktradisjonar, og bluesen, som vaks fram for  å fange og formidle melankolien, gjennom dei blå tonane. Musikken som trøystar og lindrar, men som også gjer at føtene ikkje kan stå stille og armane instinktivt løftar seg mot himmelen, og som gjer at smila går direkte frå hjarte til hjarte. MAGI, kallar vi det – og det er her, like framom deg!

Solhelsing frå Torunn Charlotte




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: