Billettservice

Tlf: 815 33 133
Narvesen // 7-Eleven
www.billettservice.no



hashtag #csarendal

Triumfmarsjen

Kjære Dag Jonssen! Her kjem eit takkebrev til deg frå meg, og eg veit at alle som var i arendalsgatene i dag også sleng seg på denne helsinga. Og alle dei andre flotte folka som har noko som helst befatning med Canal Street. Dette brevet må du dele med alle dei andre musikantane som var med deg både i dag og dei andre dagane de har bidrege til den folkefesten som Canal Street har vore. For takka går sjølvsagt til dykk alle. Alle som ein. Eg veit at Lillegaard Trad Band er blitt takka mange gongar før, mellom anna då de fekk Arendal kommune sin kulturpris i 1999, men det er betre å takke ein gong for mykje enn ein gong for lite – det er no min filosofi.

Eg kunne ikkje tru det eg såg då eg kom til byen i dag. I mitt stille sinn hadde eg tenkt at folk i denne byen kanskje var i ferd med å bli litt mette – både på sol og gatemusikk. Eg hadde trudd at det kom til å vere langt færre folk i byen på Street Parade i dag enn onsdag – men neidå, der tok eg feil. Det som møtte meg i byen i dag var eit yrande mylder av folk i alle aldrar.

Lillegaard Trad Band var i dag forsterka av fleire musikantar frå både Arendal og Lillesand. Eg såg på musikantane, dei spelte så sveitten rann og skjortene vart søkkblaute – men med store smil! Og midt opp i dette står du, Dag Jonssen, og veivar med armar, bein og trombone – og gir av deg sjølv til dine medmusikantar og heile byen. Vi veit jo at korps, i konkurranse med tusen andre aktivitetar, dessverre ikkje  lenger det kulaste ungdomane veit å vere med i, men når dei opplever slikt som dette, ser dei jo kor kult det faktisk er.  For ein inspirasjon det må gi dei heilt unge musikantane å få spele i arendalsgatene saman med Lillegaard Trad Band!

På Poppes plass stod folk som makrell i stim, og heile plassen var i bevegelse. ”When the Saints go marching in” er sikkerstikk når det gjeld allsong – ”alle” kan jo den, og i dag song vi den til og med fleirstemt! Og rundt deg, Dag, dansa to spreke og sprudlande dansarar frå Franjefestivalen, medan du med stø hand slo inn både trompetsoloar, trommegruppe og andre instrumentalistar som baud litt ekstra på seg sjølv i dag.

Avslutningsvis sa du noko som eg har lyst til å minne folk om, ein ekstra gong: Hugs at utan det lokale musikklivet blir ikkje slike festivalar rare greiane, sa du – med referanse tlil noko Bugge Wesseltoft hadde uttalt i ein avisreportasje. Men det du sa vidare er faktisk endå viktigare: hugs også dette resten av året!

Med største takknemlegheit; solhelsing frå Torunn Charlotte :-)

Foto: Birgit Fostervold

Se flere bilder her




Meld deg på vårt nyhetsbrev!
Navn:  
Epost: