Det var mellom 1500 – 2000 mennesker på Buøya denne avslutningsdagen. Denne jubileumskonserten for Eydehavn i samarbeid med Canal Street, som markerer at det er 100 år sidan området vart etablert, starta med musikk retta spesielt mot den yngre garde. Begge gitarkameratane Eggum og Sivertsen kom senere på scenen og var i storform, og det var tett mellom gode historier, vitsar og anekdotar. Eggum med sin sjølvironiske, tørre humor, og Sivertsen med sin noko meir saftige nordlandshumor – men snill nok for ein solskinsdag, den og.

Etter ein spasertur langs den særs idylliske og vakre vegen til konsertarenaen, opna landskapet seg med svaberg, strand, sjø – og eit hav av folk. Hit hadde publikum i alle aldrar funne vegen – frå dei minste som vart trilla i barnevogn til besteforeldregenerasjonen. Steikande sol, litt bris, badetemperatur på over 20 grader, og forventingsfulle menneske som dekka både plen og svaberg i sine fluktstolar og på piknikteppar.

Denne jubileumskonserten, som markerer at det er 100 år sidan området vart etablert, starta med musikk retta spesielt mot den yngre garde. Men også vi vaksne kunne like det som kom frå scenen, for dette svingte det av, og her var jo masse songar vi kjente frå barndom og oppvekst. Bare Barn Band og Knut Elvik varta opp med alt frå «Sett deg opp i kørja og la ballongen gå», Knutsen & Ludviksen-klassikarar som «Hallo, hallo» og «Kanskje kommer kongen» og «Kaptein Sortebill».
– Hvor mange har ikke vært på Buøya før og er helt i sjokk over kor fint det e’ her??, spurte Bare Barn Band-leiar Dag Tysnes – og som ein spør, får ein svar.

Knut Elvik og Bare Barn Band (foto: Birgit Fostervold)

Knut Elvik, som sjørøvar frå Merdø, fascinerte sitt yngste publikum med fortellinga om kongen som kom til Arendal og stal alt gullet – men som jo ikkje hadde rekna med at Kaptein Knutsen skulle ta opp kampen. Forteljinga vart sydd saman av songar som passa inn i historia. Då denne delen av konserten var over, la Elvik like godt ut på sjørøvarjakt med ein hale av jublande og forventingsfulle ungar etter seg, medan vi andre venta på Jan Eggum og Halvdan Sivertsen.

Det vart riktig nok ikkje Sivertsen og Eggum med band, som annonsert. For bandet stod verfast på ein eller annan flyplass lenger nord i landet. Dermed fekk vi eit møte med Eggum og Sivertsen med berre sine eigne gitarar som akkompagnement – noko som ikkje forringa konsertopplevinga i det heile tatt. Begge gitarkameratane var i storform, og det var tett mellom gode historier, vitsar og anekdotar. Eggum med sin sjølvironiske, tørre humor, og Sivertsen med sin noko meir saftige nordlandshumor – men snill nok for ein solskinsdag, den og. Desse to artistane har ein herleg dialog seg mellom og fungerer glimrande i kommunikasjonen med publikum. Eggum poengterte at konsertprogrammet var lagt opp slik at annakvar song var ny og annakvar var kjent, under føresetnad av at applausen var god nok – elles ville dei berre spele ukjente songar. Sikkert unødvendig å seie at det dermed vart mange kjente songar  –  «Venna for livet», «Ryktet forteller», «Førr ei dame», «Eg vil tilbake», «Frihet», «På’an igjen», «Sommerfuggel i vinterland» og mange fleire. Allsong vart det så å seie gjennom heile den 90 minutt lange konserten.

Sivertsen og Eggum er samstemte og samspelte, og musikalsk sett utfyller dei kvarandre på ein dynamisk og heilskapleg måte. Eggum med sine mange melankolske tekstar, og Sivertsen med tekstar med både lett humor og ettertenksame funderingar over livet og kjærleiken. Det var fint å oppleve dei med berre to gitarar – dette gjorde kanskje at publikum følte at dei fekk endå betre kontakt med Eggum og Sivertsen. Det gjorde godt å sitje der denne smellvakre sommarkvelden, med barn som bada og leika og folk som smilte og song rundt seg – og innimellom alt det gode kjenne på det litt såre som tekstane kunne få fram.

Jan Eggum & Halvdan Sivertsen (foto: Birgit Fostervold)

Publikum hadde det ikkje travelt med å kome seg heim då konserten var slutt, og som ekstranummer kom  ”Kor e alle heltar hen?” og den som vi alle sjølvsagt hadde venta på; ”Kjærlighetsvisa”. Unison allsong steig mot sola, og vegen tilbake til bilen etterpå vart ikkje lang i det heile tatt – den som har slik oppleving med seg i sekken går jo ikkje med tunge steg!

Solhelsing frå Torunn Charlotte Lund
Foto: Birgit Fostervold