For ordens skuld: Det er konferansieren som introduserer Ellen Andrea Wang slik, så vi reknar med at det er greitt for ho. Som konferansieren seier: Det er ein genial vokalist, bassist, komponist og artist vi snart skal få oppleve i ein og same person, saman med sine dyktige medspelarar Andreas Ulvo, piano/synth, og Erland Dahlen, trommer/perkusjon, som også kvar for seg har lange musikalske merittlister. Wang sjølv har spelt med mellom andre Sting og Marilyn Mazur, og The Guardian utropte ho i 2016 til ein av verdens 5 mest interessante jazzartistar.

Dette er melodiøs jazz. Uhyre utfordrande for utøvarane – men eit svært behageleg musikalsk rom å kome inn i, sjølv for den urutinerte jazzpublikumar. Kombinasjonen tangentar, trommer og kontrabass gir eit røft lydbilete, og når Wang begynner å synge er det på ein måte overraskande mjukt og melodiøst. Lett på tå-jazz er uttrykket som fell meg inn – skjønar godt at ho blir kalla kulaste katta i byen.

«Perfect Danger» – om å tørre å kaste seg ut i det ukjente. Vel, perkusjonist Erland Dahlen får rett og slett musikk ut av trommene og diverse rytmeremediar han plukkar fram etterkvart. Ingen risiko ved dette – alt sit 100%, dei er fullstendig samspelte. Og i «Fjord Ferry» – hyllesten til Randsfjordferja, er det ikkje vanskeleg å sjå ferja og havet, sola og vinden, føre seg. Bølgjande, trillande pianotonar, vi blir med Andreas Ulvo ut i både liten og stor sjø. I «Follow me» får vi også ein skikkeleg bassolo med Ellen, som berre stadfestar det vi har skjønt for lenge sidan: Denne dama er genial. Jepp – kulaste katta har vore i kanalbyen i kveld.

Solhelsing frå Torunn Charlotte 🙂
Foto: Birgit Fostervold

Se alle bildene på flickr:

Ellen Andrea Wang, 2018