Konferansier i kveld er Pål Koren, som kan fortelje at kveldens artist på jazzscenen fekk prisen Årets jazztalent på Moldefestivalen i 2016, og med det finansierte debutplata si. Det er vi glade for, for denne musikken vil vi gjerne lytte til heime også! Ein halvtime etter konsertstart er det full sal.

Det er tonar som flyt saman, mange effektar, og mykje rytme. Sandtorv sin stemme smyg seg mellom tonane frå Jonas Hamre på saksofon, Eirik Havnes, gitar, Ole Mofjell, trommer og Thomas Pfeil, synth.
Sandtorv og bandet bruker ikkje lang tid på å ta av. Og ja, dette er jazz, men samtidig så mykje anna; sjangermessig er dette grenseoverskridande, og vi anar både indie og urban med meir. Sandtorv har ein særs fleksibel stemne, og ho eksperimenterer mykje med stemmen, med total kontroll. Her er sterk rytmikk, og dette pregar alle instrumenta. Vi kjenner pulsslaga. Det er suggerande. Lokalet svalt og kjøleg, scenelysa blå og oransje. Første låt er tung, pessimistisk, mørk: «We are erupting, We are not free, we are not OK.” Men Sandtorv avsluttar med sitt eige tilsvar, «Freedom Nation»: “Do we come together like a nation full of lovers, we could be free.” Det er balsam – men også voldsomt. Denne siste låta gir rett og slett assosiasjonar til Challengers oppskyting til månen – musikken og Sandtorvs unike og sterke stemme får faktisk lufta til å vibrere.
Ekstranummer blir a capella med cymbalar. «Singing songs to heal my Body»: “On the mountain I see all your faces…but I only long for his… And I disappear into the night.” Eit godt følgje inn i natta. Takk til Natalie Sandtorv med band.

Solhelsing frå Torunn Charlotte 🙂

Natalie Sandtorv