Heilt utan noko majorlabel i ryggen bygde Kjartan Lauritzen frå Balestrand seg opp til å bli Noregs nye rap-superhelt med tidlege låtar som «Havanna», «Fredag» og «Nyte D».
Foto: Rainer Nokken Kleive
I 2021 blei han ein del av Warner Music og ga ut sitt debutalbum Kjartanisme til kritikarane og fansen si store begeistring. Kjartanismen gjorde sitt inntog i landet med låtar som «Million» og «TADA», før han abdiserte som profet og gjekk vidare til å gi ut singlar som «Gira», «Shakira», «Skaol Skadle» og sommarhiten «Badebussen».
Kjartan er kjent for å by på seg sjølv og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til «Årets liveartist».
Kom på konsert, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyret: Dette var ikkje eit dumt val, min gode ven.
— Om du hørte på Mestertyv for 10 år sida, eller om du oppdaga meg gjennom Badebussen – du er hjertelig velkommen!
Detta skal bli ekstremt hyggelig og koselig.