Sommar, sol og Sunde i storform på Buøya

Sommar, sol og Sunde i storform på Buøya

Turen inn til konsertplassen på Buøya er rein magi i seg sjølv. Folk ruslar sakte langs grusvegen, nokre finn seg ei vik og tek seg ein dukkert på vegen, og sørlandsnaturen får vist seg frå si aller mest strålande side. Dette er den konserten under Canal Street kor gjennomsnittsalderen er lågast, det er den store familiedagen, og dette er dagen kor mange besteforeldre nyttar høvet til å gi den oppveksande slekt litt kulturell ballast. Spelestaden er rett og slett rein og skjær idyll: når du kjem fram opnar det seg ei vik med strand og svaberg, og grasslettene er naturleg amfi. Det ser ut til at dei som har rigga til kiosk vil få ein innbringande dag, og med store smil serverer dei vaflar, is, kaffi, brus og pølser. Eg lukkar auga, og tek inn lydane frå omgjevnadene: vaksne som pratar, ungar som leikar og ler, plasking, måker og sjø. Jo, dette er rett og slett idyll!