Lillegaard Trad Band har sørgja for eit skikkeleg musikalsk vorspiel, og no er folk klare for meir! Det har samla seg ein haug med folk på Poppes plass denne fantastiske sommardagen i Sørlandets sommarby nr 1.

Mange er møtt opp på grunn av konserten,  i tillegg til at sjølvsagt det er ein heil del tilfeldige publikummarar som nok får ein endå flottare dag i byen enn forventa. Eg tenkjer i mitt stille sinn at vi må hugse å takke gudane for dette veret – for det er vanskeleg å sjå føre seg dette arrangementet i plaskande regn…

Indre Torungen Brass har 10-årsjubileum i år, og når dei dreg i gang med første låt tenkjer eg at wow – dette er eit ensemble som er heilt inne i dei profesjonelle rekkjer. Her er i underkant av 30 av dei aller beste messingblåsarane og trommeslagerande i distriktet samla. Ære til dirigent Lars Bjørnar Strengenes – det er ikkje overraskande at dette ensemblet kan konkurrere i brasseliten i Noreg.  Ensemblet briljerer med den eine perla etter den andre. Ingen weak spots her. Ikkje minst imponerer dei 4 solistane på høvesvis kornett og eufonium, som har solo under «De to trompeter», eit stykke som verkeleg krev rytmisk presisjon og særs gode speleferdigheiter.

I løpet av konserten blir festivalleiar Mats Aronsen takka for innsatsen, og eit entusiastisk publikum takkar både han, festivalen og Indre Torungen Brass med smil og applaus.

Solhelsing frå Torunn Charlotte

Foto: Oda Agnore Skattum