Som nemnt, veret var friskt, men sola skein og Merdø var ei  fin-fin erstatning for meir verutsatte Lille Torungen fyr. Violet Road hadde visstnok førebudd seg til ein liten intimkonsert med 150 publikummarar, men det skulle ein ikkje tru – repertoaret passa perfekt til dei mange hundre som hadde strødd seg utover plenen.

Dette er tredje året Violet Road gjestar Canal Street. Dette strålande dyktige folkrock-bandet frå lille Kåfjord i nord-Troms består av brødrekvartetten Håkon, Hogne, Halvard og Herman Rundberg, samt vokalist Kjetil Holmstad-Solberg. Kanskje ikkje rart at kjemien stemmer så 100 % – det er lett å sjå og merke at gutane har det moro på scenen og koser seg i kvarandre sitt selskap. Kontakta dei har med publikum er også heilt spesiell – her snakkar vi rett og slett om skikkeleg scenesjarm. Alle er gode vokalistar, så vokalist Kjetil Holmstad-Solberg har god støtte – utan at han treng det. Han viser sine vokale musklar allereie i første låt, ”Learning to fly”, og held fram med det anten det er rock eller ballade.

For underteikna er det første liveopptreden med dette bandet.  Musikken går rett inn alle porer som er i ferd med å lukke seg i den småkalde vinden på Merdø. Det er ein gjeng med utadvendte musikarar, særs sympatiske, og med særdeles godt publikumtekke. Allereie frå 2.song er det trampeklapp og allsong. Bassist Hogne framstår som den store smalltalkeren mellom innslaga – når han skal presentere songar som han (i følgje vokalist Kjetil) ikkje skjønar kva handlar om.

I tillegg til å ha store dosar med scenesjarm, er desse musikarane suverene instrumentalistar. Også svært allsidige, viser det seg, når to av brørne slår til med skikkeleg saxofonriff. Tidenes bassolo får vi også oppleve – når alle unntatt lillebror på trommer dreg til på ein og same bass.  Violet Road har tekstar og melodiar ein kan lytte til heime i stova, men som konsertband er dei ekstraordinære. Violet Road frir til publikum gjennom heile konserten, og publikum svarer med rungande ja absolutt til alt som blir foreslått frå scenen. Trampeklapp får heile øya til å riste, og grasplenen lever.  Vokalist Kjetil framhever kor viktig festivalane er for både dei som speler og for oss som er publikum – desse liveopplevingane er heilt nødvendinge for å bygge fellesskap, og bandet sender ei stor takk til alle dei frivilige som får festivalhjula til å snurre.

Prøvesmaken  ”Out of Words”  frå det nye albumet deira som kjem etter jul lovar godt – i det heile tatt var det absolutt ingen daudpunkt i løpet av heile konserten. Under ekstranummeret ”Twist and shout” (The Beatles) fekk publikum endeleg høve til å reise seg – og dersom det hadde vore tak over konsertstaden, hadde nok taket stige rett til vers då.

Violet Road kom, såg og vant – anna er det ikkje å seie om den saka!

Solhelsing frå Torunn Charlotte

Foto : Oda Agnore Skattum og Øistein Aamot

Se flere bilder her